Kritikarane

Bernhard Ellefsen, Anne Merethe K. Prinos, Margunn Vikingstad og Janneken Øverland - Klikk for stort bildeFire av dei fremste litteraturkritikarane i landet står for kåringa av Beste norske 2018 - 2020:

  • Bernhard Ellefsen er litteraturkritikar i Morgenbladet og vart av Norsk Kritikerlag kåra til "Årets litteraturkritiker" i 2014. 
     
  • Anne Merethe K. Prinos har skrive litteraturkritikk som frilansar i Aftenposten sidan hausten 2002. Ho vart kåra til "Årets litteraturkritiker" i 2008.
     
  • Margunn Vikingstad har vore litteraturkritikar i Morgenbladet sidan 2013. Frå 2001 til 2013 var ho litteraturkritikar i Dag og Tid. Elles jobbar Margunn som skjønnlitterær omsetjar, hovudsakleg frå fransk. 
     
  • Janneken Øverland er litteraturhistorikar, tidligare forleggar og  arbeider frilans som litteraturkritikar i Bokmagasinet i Klassekampen. Ho har vore redaktør av tidsskriftet Vinduet og har skrive biografi om Cora Sandel.