Jeg vil våkne til verden

Jeg vil våkne til verden av Karoline Brændjord - Klikk for stort bildeKaroline Brændjord
Kolon forlag, 2020

Omtale ved Margunn Vikingstad:
For denne diktsamlinga mottok Karoline Brændjord både Tarjei Vesaas’ debutantpris og Kritikarprisen for beste vaksenbok. Med ein markant energi, varme og skaparkraft skildrar dikt-eget tapet over ei mor som tok sitt eige liv. Spørsmålet som følgjer dei sorgfulle dikta, og som gjer dei partikulære og allmenne, er korleis ein kan forsone seg med å bli forlate og finne ein ny ståstad. Debutantens poetiske register er sanseleg, direkte og fantasirikt. Spennvidda, som er karakteristisk for denne boka, opnar opp for eit tilllitsfullt blikk på mennesket og ein iver overfor naturen og omverda der kjensla av sinne og avmakt er like sterk som lys og glede. Slik framstår minnearbeidet i Jeg vil våkne til verden så vel forfriskande som nødvendig.