Seg til inkjes

Seg til inkjes av Lars Svisdal - Klikk for stort bildeMed ei fleirstemt forteljing om ein sommar på ei fjellstove bergtok Lars Svisdal den litterære offentlegheita. Det eksistensielle perspektivet som tittelen indikerer, å halde koken så godt ein kan for ikkje å gjere seg til inkjes, blir mellom anna bore oppe av historia om den gravide tenåringsjenta Gjøa som forskansar seg med sommarjobb til fjells. Forfattaren utmerkar seg, og begeistrar, med innsiktsfull kontekst forma i litterært minneverdige setningar: «Min far er mannen som aldri har trunge noko, og trollbunden av trongen vi har hatt for å bli trungne, har vi heile tida krinsa rundt han. Kva kunne tilseie at ein ny heim skulle reagere med andre lover for tyngdekrafta?» Scener i romanen, både når menneske og natur opptrer, er som små målarstykke. Svisdal hausta da òg Tarjei Vesaas’ debutantpris for denne burleske og betagande historia om å lengte bort.

 

Omtale av Margunn Vikingstad