Septologien

Septologien.. Det andre namnet av Jon Fosse - Klikk for stort bildeSeptologien (2019-2021)
Det andre namnet. Septologien I-II,
Samlaget, 2019

Omtale ved Margunn Vikingstad:
Det tidlause hos Jon Fosse får i Septologien ein meir konkret himmel over seg. Sjølv om motivkrinsen går igjen, med gudstru, kunstsyn og dødslengt, trer noko moderne og samtidig fram i historia om kunstmålaren Asle og fiskarbonden Åsleik. Skildringane av målaren og katolikken Asle på Dylgja og den alkoholiserte målarvennen Asle i Bjørgvin held likevel fast ved det gjenkjenneleg mytiske ved Fosses skrift. Den eine Aslen kan lesast som vrengebildet på den andre og speglinga aksentuerer romanens tematikk om så vel vennskap og drukkenskap som gleda med bilkøyring og den første forelskinga. Dobbeltgjengarmotiv og rørsler mellom ulike medvit, som ofte finst hos Fosse på sitt aller beste, får i dette storverket eit ekstra løft ved nettopp å ha ein samtidshimmel over seg, og Septologien framstår allereie som ein udiskutabel klassikar i samtidslitteraturen.