Om prosjektet

Beste norske 2018-2020 er eit prosjekt i regi av Lom folkebibliotek. Vi har engasjert fire av våre fremste litteraturkritikarar til å kåre dei 15 beste norske skjønnlitterære utgjevingane frå 2018 til 2020. Bernhard Ellefsen, Anne Merethe K. Prinos, Margunn Vikingstad og Janneken Øverland står for utvalet. 

67 bibliotek rundt om i landet deltek i prosjektet. Biblioteka formidlar bøkene gjennom utstillingar, lesekampanjer og arrangement. Kvar veke frå 6. september til 13. desember blir ei av bøkene presentert med omtaler av kritikarane.

«Beste norske 2018-2020» er ei vidareføring av klassikar-prosjektet som Lom folkebibliotek gjennomførte i 2019. I dette prosjektet kåra litteraturkritikarane dei 25 bøkene frå 2013-2017 med størst klassikarpotensial.

Vi håpar at folk rundt om i heile landet blir med på «Beste norske 2018-2020». Det hadde vore stor stas om vi får til landets største lesesirkel på facebooksida der folk kastar seg frampå og diskuterer bøkene og utvalet. 
Velkomne med til å lesa den beste, nye norske litteraturen.